Klokka 22.55 onsdag melder Vegtrafikksentralen at ferjesambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes er innstilt grunna tekniske problem.

Norled melder det same, og at stenginga gjeld inntil vidare. Det er ikkje meldt når det er venta at sambandet kjem i drift att, og Vegtrafikksentralen opplyser at det er uvisst kortid det kan skje.