Gå til sidens hovedinnhold

Innfører nedjustert smittesporing i kommunane

Bent Høie: Frå 27. september blir det mindre smittesporing og karantene.

NPK-NTB

Framover må færre i karantene, og kommunane vil i mindre grad drive med smittesporing.

Helseminister Bent Høie sa på koronapressekonferansen på fredag at nedjustert TISK blir innført 27. september.

– Stadig fleire er fullvaksinert og smitten ser ut til å flate ut. Det vil likevel vere behov for noko testing, isolering, smittesporing og karantene ei stund til. Vi innfører difor nedjustert TISK i kommunane frå 27. september, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Nedjustert TISK betyr at færre må gå i karantene og at kommunane i mindre grad skal drive med smittesporing.

Regjeringa legg opp til at nedjustert TISK vidareførast i ein overgangsperiode på om lag fire veker når det etter kvart blir aktuelt å gå over til «En normal kvardag med auka beredskap».

Kommentarer til denne saken