SÅG UT SOM INNBROT: Politiet fekk laurdag morgon melding om at det var forsøk på innbrot i ein bustad i Sogndal. Innbrotet viste seg seinare å vera fyllerør. (Foto: Privat)

Innbrotsforsøk var fyllerør

Ein rusa person fann ikkje nøklane sine.

Publisert 11.03.2018 kl. 13.50. Oppdatert kl. 14.32.

Tidleg laurdag morgon fekk politiet melding om at det var gjort eit innbrotsforsøk i eit husvære i Kongabergvegen. Det viser seg at det ikkje var eit innbrotsforsøk, men ein rusa person som skulle inn fann ikkje nøklane sine og som let det gå ut over diverse gjenstandar utanfor naboens inngang. Politimeldinga om innbrot er trekt, men i staden vurderer ein nabo å melda hærverket.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Sogndal