Dette tilsvaret er meint som eit opplysande tilsvar til Marit Haram Vannes sitt meiningsinnlegg i Sogn Avis 14. September.

Er kraftkonsernet Sognekraft AS med døtrene Sygnir AS og WATTN AS på høgde (moralsk) med Statnett?

Innleiande må det presiserast at Sygnir AS er eit regulert nettselskap og ein del av Sognekraft-konsernet. Wattn AS er eit kraftomsetningsselskap, som opererer i ein fri kraftmarknad – og ikkje som ein del av Sognekraft-konsernet. Dei to selskapa har ikkje noko anna relasjon av betydning, enn at Sognekraft har deleigarskap i begge selskapa.

Wattn er med andre ord ikkje dotterselskap av Sognekraft, slik Vannes skriv i tittelen på meiningsinnlegget.

Så til dette med Statnett.

Først og fremst så er alle landets nettselskap – direkte eller indirekte – tilknytt Statnett. Med andre ord: På same måte som Vannes er kunde for Sygnir, så er Sygnir kunde hjå Statnett.

Eg tolkar utfordringa hit: Dersom Statnett kan skru ned prisane, kvifor kan ikkje Sygnir gjere det same?

Først litt om kvifor Statnett skrur ned prisane:

Både Statnett og alle Noregs nettselskap er regulert av reguleringsmyndigheita NVE/RME, som mellom anna betyr at deira respektive tariffinntekter (nettleige) i storleik er strengt regulert av RME. For Sygnir er det viktig å presisera følgjande: Statnett har enorme tilleggsinntekter som følgje av ekstraordinært store prisskilnadar mellom dei ulike prisområda innan- og utanlands, som går langt utover Statnetts maksimalt tillate tariffinntekter regulert av RME. Statnett er dermed tvungne til å redusere deira totale inntektsnivå, då deira tariffinntekter overgår maksimale grenser av kva ein har lov til å tene, definert av RME. At dei kommunikativt formulerer dette som eit «val» handlar meir om kommunikasjonsstrategi enn moral og valfridom. Når det er sagt, er Sygnir sjølvsagt nøgd med Statnetts proaktive haldning til løysingsorientering i dagens krevjande energimarknad.

Så til Sygnir si utfordring:

Alle Noregs nettselskap er regulatorisk tvungne til å kjøpe inn sine tap i nettet, som må kjøpast inn til marknadspris. Til dømes må Sygnir betale om lag 60 millionar kroner for sine nettap i 2022, utan noko form for straumstøtte-ordning. Til samanlikning var kostnaden for kjøp av kraft i 2020 om lag 3,7 millionar kroner.

Auken i kostnader for nett-tap krev dermed betydeleg auke av nettleiga for alle Noregs nettselskap. Til no i år har Sygnir tariffert 30 millionar for lite tariffinntekter i nettleige samanlikna med RME fastsette inntektsramme for Sygnir. Heldigvis har regjeringa vore løysingsorientert, der 6–10 milliardar kroner omfordelast frå Statnetts meirinntekter til landets nettselskap sine mindreinntekter, slik at nettselskapa i stor grad vil sleppe å auke nettleiga ytterlegare.

Eg veit dette er kompliserte greier, men forhåpentlegvis heng du framleis med.

Essensen av det heile er for så vidt at som regulert verksemd må Sygnir forholda seg til gjeldande reglar og forskrifter, som ein bryt om ein endrar på prisane og spelereglane som er sett av andre.

Men; innanfor gjeldande regelverk gjer Sygnir alt me maktar for å halde nettleiga så låg som mogleg.

Til slutt kan det vere verdt å nemne at dei reduserte kostnadane frå Statnett vil bli vidareført til Sygnir sine kundar. Det er med andre ord godt nytt for Vannes, og noko me også sjølvsagt er glade for.