- Det skjer så mykje artig rett utanfor stovedøra vår, frå sære og uforståelege fenomen til langsiktige endringar. Alt dette vil me skriva om, seier Inger Auestad i ei pressemelding.Forskarane tek føre seg artige, sære, sprø og interessante fenomen i naturen, krydra med synspunkt på naturens plass i liva våre.Auestad har med seg kollega Stein Joar Hegland ved Institutt for miljø- og naturvitskap på Høgskulen på Vestlandet.

Naturen

Av utdanning er både ho og Stein Joar økologar og kan mykje om samspelet i naturen. Ho har som forskar interessert seg for ville blomstrar og det som veks i vegkanten; han har jobba med alt frå hjort til blåbær, bier og blomster.Begge underviser, og er difor vande med å presentera det dei kan på ein enklare måte enn det ein gjer i fagtidsskrifta og blant kollegaer. Dei siste åra har dei latt seg inspirera av kjende bloggarar frå universitetsverda, som Anne Sverdrup-Thygeson med «Insektøkologene».- Naturen begeistrar oss, og me får ofte lyst til å dela små og store innsikter med andre. Det er det som driv oss til å starta blogg, seier Inger Auestad.

Forskning.no

Bloggen deira ligg på nettstaden Forskning.no, i godt selskap med andre populærvitskaplege bloggtekstar og artiklar. Etter ei tids idémyldring blei namnet Vill vest.- Det handlar dels om at det er ville vekstar og skapningar me skriv om, men òg om ståstaden vår, som er Vestlandet. I jungelen av forskingsbloggar finst det nokså få frå vår landsdel, seier Stein Joar Hegland.- Vill vest ønskjer å bidra med vårt eige skråblikk på naturen, seier han.

Black Friday

I det første blogginnlegget, med tittelen «Black Friday i skogen», set Inger Auestad lupa på den enorme mengda frø som heng på tre og ligg strødd langs bakken denne hausten. Kvifor gjer trea dette, og kva betyr det?Men som overskrifta avslører, serverer forskarane artige betraktningar saman med ein viss dose samfunnskritikk, heiter det i pressemeldinga.- Den er jo dyrebar og umisteleg, denne planeten vår. Akkurat no er det tydeleg at det er mykje som står på spel, både når det gjeld klima og biologisk mangfald. Me kjem nok ikkje til å legga skjul på samanhengane mellom tilstanden i naturen og korleis me lever, seier Auestad.