Ingen skal oppleva rasisme i Vestland: – Me vil vera med og kjempa mot all urett i samfunnet

MOT RASISME: Jeanette Syversen, Raudt, (t.v.) fekk fleirtalet i fylkestinget med seg på ei fråsegn som definerte Vestland som ei rasismefri sone.

MOT RASISME: Jeanette Syversen, Raudt, (t.v.) fekk fleirtalet i fylkestinget med seg på ei fråsegn som definerte Vestland som ei rasismefri sone. Foto:

Eit stort fleirtal i fylkestinget erklærte Vestland som antirasistisk sone på møtet sist torsdag.

DEL

60 av 65 representantar røysta for, berre fem frå Bompengepartiet røysta imot. Det var Jeanette Syversen i Raudt som fremja forslaget.

Viktig

– Dette er ei viktig fråsegn, som syner at me som fylkeskommune følgjer med på kva som skjer rundt oss og tek det innover oss. Me følgjer opp dei store mobiliseringane me har sett den siste tida, og me vil vera med og kjempa mot all urett i samfunnet. Med fråsegna sender me eit viktig signal til alle innbyggjarane i Vestland om at ingen skal oppleva rasisme her hjå oss, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei melding frå fylkeskommunen.

Fylkestinget seier i fråsegna at fylkeskommunen skal kartleggja opplevd og strukturell rasisme i dei fylkeskommunale tenestene og særleg på dei vidaregåande skulane. Det skal også lagast konkrete forslag til tiltak som motverkar dette.

Heile samfunnet

Fylkestinget inviterer i tillegg kommunane, organisasjons- og arbeidslivet, ungdommens fylkesting og kompetanseforum i fylket til eit samarbeid for å nå målet om antirasistisk sone. Samstundes er politikarane opptekne av at fylkeskommunen som ein stor arbeidsgjevar også har ansvar for å sørgja for likeverd i eigen organisasjon.

– Det er klart at dette er ein tematikk og ei utfordring som gjeld alle delar av samfunnet vårt, og det er ikkje noko fylkeskommunen kan finne ei løysing på aleine. Men me vil ta tak i eigen organisasjon og ta eit initiativ også utover dette, seier fylkesordføraren.

Oppfølgjing

Utval for opplæring og kompetanse og Utval for kultur, idrett og integrering får ansvaret for å følgja opp vedtaka. Som ein av dei største arbeidsgjevarane i fylket er det også viktig at Vestland fylkeskommune har merksemd på likeverd i eigen organisasjon. Administrasjonsutvalet får ansvar for å følgje opp det arbeidet på dette området.

Artikkeltags