Gå til sidens hovedinnhold

Ingen nye smittetilfelle søndag

Søndag vart det analysert 90 prøvar ved Førde sentralsjukehus. Ingen av dei var positive for covid-19. Det skriv helseføretaket på heimesida.

Det er per dato ingen innlagde pasientar ved sjukehuset med covid-19-smitte.

Føretaket opplyser at kommunane i Helse Førde sitt område sjølve vel kvar dei ønskjer å senda koronaprøvar som dei har teke. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde, men berre resultat frå dei prøvane som er analyserte i Førde.

Kommentarer til denne saken