(FIRDA:) – Siste koronarelaterte innleggingar vi hadde på Førde sentralsjukehus var i overgangen frå sein romjul til nyttår, seier kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal, etter å ha sjekka når det sist var alvorleg koronasjuke pasientar til behandling ved sjukehuset.
Då samfunnet opna opp att i februar 2022, har livet i stor grad vore slik ein lenge berre drøymde om at det kunne bli tidleg i pandemien: At ein skulle kunne leve som normalt, trass i at det framleis i stor grad finst korona. Til og med i stadig nye muterte utgåver, der dei nye smittar mykje meir enn tidlegare.
Nyleg kom ei tilråding frå FHI om at dei over 75 år bør ta ei ny oppfriskingsdose med koronavaksine. For dei i denne gruppa vert dette dose nummer fem. Også bebuarar ved sjuke- og aldersheimar vert vaksinerte i Sunnfjord kommune, opplyste Øystein Furnes nyleg.
FHI: Koronaepidemien er aukande
Etterslep er einaste konsekvensen
Fagdirektør i Helse Førde, Asle Kjørlaug, fortel at behandling av korona no vert sett under ordinær drift i Helse Førde. Det gjerast på eit sjukehus som no opererer slik dei gjorde før pandemien.
– Korona vert ikkje lenger behandla spesielt, og er jamstilt med andre smittsame sjukdommar, seier han.
Fagdirektøren fortel at det i grunnen berre er på eitt område ein kan merkar at pandemien heng att i sjukehusdrifta:
– Det som er konsekvensane av pandemien akkurat no, det er lange ventetider på behandling, og det meste kom under pandemien. Det var ikkje sjølve viruset og sjukdommen som førte til dette, men heller ventelistene og fristbrota som kom som følger av tiltaka som var under pandemien, seier Kjørlaug.
Operasjonar vart avlyste, og også kontrollar av medisinske tilstandar.
– Å ta unna dette er no den største utfordringa vi har frå pandemien, seier han.
Informasjon om 400 fødslar i Helse Førde låg tilgjengeleg for 40.000 tilsette
Normalisert sjukehus
Kjørlaug fortel at det verkeleg store brytningspunktet for Helse Førde kom då viruset muterte frå Delta-varianten, til varianten kalla Omikron. For medan smittegraden var høgre enn nokon gong til då i pandemien, fall alvorsgraden med tanke på kor sjuke folk vart.
Som kommunelege Øystein Furnes peika på då han nyleg fortalde om oppmodinga om den 5. dosen med vaksine, så er det ikkje tilfeldig at det er nettopp denne aldersgruppa som er den einaste som vert vaksinerte. Det er her dødelegheita er høgst.
– Dei dødsfalla ein no ser, dei ser ein ute i kommunane, og ikkje på sjukehusa, seier fagdirektør Kjørlaug.
Kjørlaug fortel at som samfunnet elles, har også sjukehuset fått normalisert seg – sett vekk ifrå etterslepet på behandling.
– Då Omikron tok over, vart det ein stor forskjell for sjukehuset. Viss vi hadde fått den same smittebølga med Delta-utgåva, då hadde det nok blitt betydeleg meir utfordrande, seier han.
BT: Jon Bolstad tilsette tidlegare kollega utan å lyse ut stillinga