Ingen eksamenar vil bli gjennomført fysisk på campus dette vårsemesteret

INGEN EKSAMEN: HVL ventar på svar frå myndigheitene om det blir undervising igjen her i løpet av våren. Det som er bestemt er at det ikkje blir gjennomført eksamenar på campus.

INGEN EKSAMEN: HVL ventar på svar frå myndigheitene om det blir undervising igjen her i løpet av våren. Det som er bestemt er at det ikkje blir gjennomført eksamenar på campus. Foto:

Høgskulen på Vestlandet jobbar med å finne digitale løysingar for gjennomføring av eksamen. I tillegg er alle campus stengd for undervising fram til 14. april.

DEL

– Det blir arbeida så raskt som mogleg med å finne gode digitale løysingar for gjennomføring av skuleeksamen, munnleg og praktisk eksamen. Men ingen vil bli gjennomført fysisk på campus vårsemesteret 2020, seier Bjørg Kristin Selvik, prorektor for utdanning ved HVL.

I tillegg er HVL sine campusar stengde for studentaktivitet fram til tysdag 14. april.

– Det er enda ikkje teke stilling til om me opnar for undervising. Me ventar på kva som blir sagt av myndigheitene før me tek ei avgjerd på det, legg Selvik til.

Digital undervising resten av skuleåret

På Universitetet i Bergen har studentane fått melding om at dei held fram med digital undervising og eksamen resten av skuleåret.

«For dei fleste emne er denne omlegginga til andre vurderingsformer allereie gjennomført eller godt i gang. Enkelte fag har særlege utfordringar med å få til ei god omlegging til både digital undervising og heimeeksamen. Dette gjeld først og fremst kliniske fag og skapande og utøvande kunstfag. Her arbeidar fagmiljøa og sentraladministrasjonen framleis med å løyse praktiske, teknologiske og juridiske spørsmål», skriv UIB på sine nettsider.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken