Ingen dødsulukker på vegane i Vestland

Ingen omkom i trafikken i Vestland fylke i første kvartal av 2020, viser Statens vegvesen sin førebelse gjennomgang av dødsulukkene. 

DEL

– Dette er gledeleg. Det er det me heile tida jobbar for, og dette viser at det er mogeleg, uttalar avdelingsdirektør Tone M. Oppedal i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Totalt omkom 24 personar på norske vegar i årets tre første månadar. Berre Møre og Romsdal fylke kan saman med Vestland gle seg over null dødsulukker, medan nær ein tredjedel av ulukkene skjedde i Viken fylke.

Korona-effekten

– No er me i ein spesiell situasjon med vesentleg mindre trafikk og det bør gi reduserte ulykker. Men det krev at me som trafikantar er oppmerksame og ikkje tek unødvendige sjansar. Helsevesenet treng ikkje belastning med trafikkskadde i denne perioden, uttalar Oppedal.

Dei strenge korona-tiltaka, med mange menneske i karantene og på heimekontor, påverkar også aktiviteten på vegane.

– Me veit at lågare aktivitet i samfunnet gir lågare trafikktal, men det må gå lenger tid før me kan konkludere med kva effekt koronaen får på trafikktryggleiken, seier Oppedal.

UP er ute

Nedgangen i trafikken i samband med korona-situasjonen skaper elles ein heilt ny og spesiell situasjon.

– Me er fagleg sett nysgjerrige på kva som skjer no. No ser vi for eksempel ein situasjon der fartsnivået i større grad blir bestemt av fartsgrensene, ikkje av andre trafikantar på vegen, seier avdelingsdirektør Guro Ranes i Statens vegvesen.

Utrykkingspolitiet har jamlege fartskontrollar sjølv om trafikken har gått ned. Dei har blant anna teke fleire yngre sjåførar i høg fart, går det fram av pressemeldinga.

Artikkeltags