Gå til sidens hovedinnhold

Éin podkast, to legender: Asle og Tommy om opprykkskamp, knekt kjevebein og spelarbørs med teikneseriefigurar

Det er nærast kongeleg besøk i juleutgåva av podkasten Radl om badl.

Der er nemleg mannen med flest kampar for Sogndal gjennom tidene, Asle Hillestad, gjest.

Midtstopparen spelte heile 611 gonger for sogndølene, scora over 100 mål og rykte opp og ned ei rekkje gonger.

Hillestad er ikkje den mest mediekåte typen, og ville ha med seg ein stødig støttespelar for å stilla opp. Dermed booka me inn Tommy Øren, og tigeren frå Årdalstangen sa ja – med sitatet «så mange å velja mellom, så tek de meg».

I denne episoden får me høyra om dei mange opprykkskampane Hillestad har vore med på, han fortel historia om då han knekte kjevebeinet på stopparkollega Arild Førde, og me avslører kor mykje eit fotballkort av Hillestad er verd i dag.

Sidekick Øren blir tvinga til å ta ein ny runde innom mirakelet på Ullevaal i 2000, han snakkar om kvifor han sa nei til Monaco – i tillegg gjer me eit nostalgisk tilbakeblikk til dei to mest kjende spelarbørsane i Sogn Avis-historia.

Podkasten kan høyrast i Soundcloud og iTunes.

Sogn Avis · Episode 23: Tommy Øren og Asle Hillestad

Kommentarer til denne saken