SKADDE: Fire personar blei skadde i ei trafikkulukke ved Frudalstunnelen søndag føremiddag. (Foto tipsar)

Ikkje lenger kritisk skadde

To kvinner og to menn er alvorleg skadde etter trafikkulukka i Sogndalsdalen søndag.

Publisert 08.01.2018 kl. 15.22.

Tilstanden til dei to kvinnene i 50-åra, som var involverte i ulukka ved Frudalstunnlen i Sogndalsdalen søndag, er endra frå kritisk til alvorleg skadde. Det melder Helse Bergen måndag ettermiddag. Dei ligg på Haukeland universitetssjukehus.


To menn i 50- åra blei alvorleg skadde i ulukka. Ein av dei har blitt overført til Haukeland universitetssjukehus, medan den andre mannen ligg på sentralsjukehuset i Førde. Begge dei to mennene skal vera alvorleg skadde. Måndag ettermiddag melder Helse Førde at mannen f. 1963 er alvorleg skadd og stabil.


Kolliderte

Det var søndag føremiddag ein buss og to personbilar kolliderte like utanfor Frudalstunnelen, på Sogndals-sida. Det skal ha vore vanskelege køyreforhold på staden.


Politiet etterforskar ulukka, men kan enno ikkje seie noko om årsaka.


 


 


 


 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende