Gå til sidens hovedinnhold

Ikkje fritt fram for besøkjande på sjukehusa enno

Helse Førde melder at det framleis skal vera reglar for besøk på sjukehusa, sjølv om dei har gått attende til ein meir normal kvardag.

Pasientar skal framleis avklarast med tanke på smitte. Det er framleis viktig å avgrense risikoen for smitte inne i sjukehusa, både for å beskytta sårbare pasientar og eigne medarbeidarar, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Avtale på førehand

Dersom du ønskjer å besøka ein pårørande, ven eller kjenning skal besøket vere avtala på førehand med avdelinga. Dei som ikkje har avtale, må venda seg til resepsjonen før dei går til avdelinga.

Besøkjande må vera friske. Du kan ikkje ha luftvegsymptom, ha påvist covid eller venta svar på test. Du kan ikkje vera nærkontakt til nokon som har fått påvist smitte, og du kan ikkje ha endra smak- og/eller luktesans. Dei same reglane gjeld for følgje som er med pasientar til poliklinikk eller dagbehandling.

Helse Førde kjem til å leggja til rette for besøk til alvorleg sjuke eller døyande pasientar.

Far får vera med

Kvinneklinikken går tilbake til besøksrutinane dei hadde før koronaen. Far eller medmor får vere med i avdelinga. Andre må besøkja barselkvinnene i kantina, resepsjonen eller andre eigna stader. Dette er gjort for å skåne barselkvinnene noko under opphaldet.

Frå og med sist laurdag har landet vore i ein ny fase, skildra som «ein normal kvardag med auka beredskap». 561 dagar etter at pandemien starta 12. mars 2020, gjekk Noreg over frå kontroll- til beredskapsstrategi. Den nye kvardagen inneber at restriksjonar stort sett er fjerna. Unntaket er kravet om isolasjon for dei som er sjuke av covid-19.

Pasientar og pårørande må likevel framleis rekne med nokre tiltak framover.

– Me står framfor ein haust og vinter som kan gje store utfordringar når det gjeld koronavirus, influensa og RS-virus samstundes. Styresmaktene ber difor helseføretaka om å ha planar klare for at mange pasientar kan bli innlagde med smittsame sjukdommar. I Helse Førde set me no ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på retningslinjer for besøk i sjukehusa på generelt nivå. Bakgrunnen er erfaringane me har gjort oss gjennom handteringa av pandemien, skriv dei i pressemeldinga.

Kommentarer til denne saken