Idol-audition på Hoven

Publisert 03.09.2019 kl. 21.29.

TV2 køyrer i gang ei ny runde med Idol, den 11. sesongen i rekka. Påmeldinga er allereie i gang, men nytt av året er at dei skal reisa meir rundt om i landet for å halda audition. Før har dei vore i dei store byane, i år blir det besøk også på mindre stader. Her i fylket er det Loen som er plukka ut og ein gong i løpet av oktober eller november kan songglade talent ta Loen Skylift opp for audition på Hoven.


Kanskje vil Tone Damli, Eva Weel Skram, Jørn Trollebø Kvalheim eller Vegard Leite få sin etterfølgjar frå Sogn og Fjordane i komande sesong av Idol.


Les meir om: Kultur Notis Musikk Ung