Ibrahim samlar underskrifter for tannlegekontoret: – Eg har fire born som alle går i grunnskulen. Dei mistar verdifull undervisning når det går så mykje tid vekk til reising for ein 15 minutts sjekk av tennene.

Sidan avgjersla om å flytta tannlegekontoret i Balestrand til Høyanger har Ibrahim Khalil Alsaleh samla inn 400 underskrifter for å behalda tilbodet.