Berre så det er sagt med det same. Det er ikkje vareutvalet som aldri vert skifta ut i hos Sogndal Lær & Skotøyforretning, det er interiøret og innreiinga.

– Her er det slik som det alltid har vore. Damene oppe, herrane nede, seier Jan Arild Jakobsen, som kallar seg lagersjef på Vedlabui.

Det mest drastiske dei har gjort i butikken, sett vekk frå å opna utsal av vinylplater i kjellaren, er då dei bytta om og rigga til for damesko i første etasjen.

– Tanken bak var at det var damene som handla mest sko og då skulle dei ha utvalet mest tilgjengeleg. Det gjekk ikkje. Me får ikkje mannfolka opp trappa, seier Jakobsen jr.

Går rett på sak

For medan kvinnfolka er villige til å prøva både tre og fire par sko, går mannfolka rett på sak.

– Dei seier kva dei skal ha og i kva storleik, prøver eitt par og tek det, seier Jan Arild og ler godt.

Senior, Olav Paul Jakobsen, er ikkje usamd i den teorien. Det var berre å få herreskoa på plass att i første etasje og senda damene opp trappa. Nett slik som før.

Allereie før du har tatt steget inn i butikklokala, så ser du at alt er ved det gamle. Dei blåmåla kassene, som rommar resteutvalet på sal, er plassert på gateplan.

– Eg trur det var i 1988 me måla dei, det var då me bygde på oppover og bakover. Då kom og «utstillingssøylene» med teppegolv på toppen. Dei står framleis. Nett slik som før.

Skikkeleg retro

Elles er det meste av interiøret, slik som hyller og korger på veggane attende frå 1977 då dei held heile butikken stengt i to månader for ombygging.

– Dei er like praktiske no som då, seier Olav Paul og ser heller ikkje noko poeng å kvitta seg med det som er godt brukande.

– Nei, kvifor skal me alltid forandre på ting, seier Jakobsen jr. og vedgår at etter kvart er retrostilen også blitt eit varemerke for butikken.

– Det er mange som gjev uttrykk for at dei likar at alt som før.

Og når me snakkar om før, så skal me also langt attende i tid. For no er Sogndal Lær & Skotøyforetning ein av dei siste som held stand i Fjøra av dei gamle butikkane.

– Det er no eigentleg utruleg at me framleis er her. At det er mogleg å driva utan at me er inne på eit senter eller tilknytt ei kjede. Det er nok fordi eg er den einaste tilsette og så eig me lokala sjølve. Då treng me ikkje selja like mykje for at det skal gå rundt, seier Jan Arild.

Vart berre slik

For skobutikken har vore arbeidsplassen hans heile livet. Det vart berre slik. Etter at han gjekk ut av handelsskulen i 1989, så er det berre eit år i militæret som har halde han vekke frå Vedlabui.

– Eg var inne på tanken då om eg skulle utdanna meg til kokk, men det vart enklaste å gå attende hit. Hadde sauene også den gongen.

Han likar den fridomen han har ved å vera si eigen herre, men samstundes har det heller ikkje blitt så mykje fri med jobb kvar laurdag.

– Eg kunne gjerne tenkt meg å vita at det var helg når eg går frå jobb fredag, det merkar eg spesielt godt etter at eg passerte 50.

For det er berre han og papan som styrer butikken, anten det er kvardag eller helg. Senior er like trufast på post sjølv om han kunne ha pensjonert seg for lenge sidan.

– Eg har ikkje tenkt å gje meg, det er kjekt å ha noko å gå til, seier Olav Paul som er i sitt 75 år.

Men middagsstunda klokka 12 er heilag. Då går han heim for å eta middag. Slik har det vore i alle år.

– Til og med då eg gjekk på Trudvang for eg ned att hit for å eta middag. Då budde me her i huset, der far min starta butikken.

Har trufaste kundar

Det har aldri vore aktuelt for dei to å knyta seg til noko kjede, dei vil stå fritt til å ta inn dei skomodellane som dei sjølv og kundane vil ha.

– Eg synest folk er flinke til å bruka oss. Me ser også at nye generasjonar dukkar opp, der foreldra har handla her før. I tillegg har me også mange av dei som kjem innom for å kjøpa sko når dei er heime på besøk, seier senior.

Han tykkjer utviklinga i Fjøra er trist, men er glad at det kom nytt liv med sportsbutikk i nabohuset på andre sida av vegen.

– Og framleis kan kundane gjerne få låna med seg skoa heim?

– Ja, sjølvsagt. Nett slik det alltid har vore. Her kan dei låna med seg både til ungar, besteforeldre, foreldre eller seg sjølv utan å betala først. Det er altfor tungvint. Nei, me stolar på folk og det er enno ikkje nokon som har kome atte med skoa. Det var ei som spurde ein gong om ho kunne låna med skoa heim. Då svara eg at ho berre kunne ta med seg heile butikken, så kunne eg stengja og ta fri resten av dagen, seier Jakobsen jr.