Gå til sidens hovedinnhold

I den vesle butikken er det ekstra travelt for tida: – Det er fullt køyr

– Det har vore veldig travelt i det siste, men det likar me. Det er slik det skal vera, seier Ine Tvedt.

For abonnentar

Ho er gartnar og driv blomsterbutikken ved Sogn jord- og hagebrukskule i Aurland. I tillegg underviser ho litt på skulen.

– Eg er litt over alt.

God periode under korona

I blomsterbutikken, som er ein del av gardsbutikken, er det travle tider.

– Det har berre auka på for kvart år. Kanskje har det med koronaen å gjera, seier Tvedt.

– Me har iallfall hatt ein veldig god periode det siste året, og seld veldig mykje bukettar, dekorasjonar og potteplantar.

Fell på same helg

Dei siste dagane har det også vore ekstra travelt. På søndag er det nemleg morsdag, Valentinsdag og fastelavn. Og då vil folk ha blomar.

– Det er klart det blir litt ekstra når alt fell på same helg, seier Tvedt.

– No er fullt køyr heile dagen og kvelden. Eg har måtte leiga inn ekstra folk for å ta unna. Det blir lange dagar, men det likar me.

– Kva er det folk har handla mest av?

– Det er mest bukettar.

– Handlar flest til morsdag eller Valentinsdagen?

– Eg trur det er mest til morsdag, men det er ikkje alltid så lett vita og me spør ikkje heller. Nokre likar kanskje å halda korta tett til brystet, seier ho og ler.

Men det er ikkje berre blomar som går unna.

– Me har mykje snadder og andre gåver også. Mellom anna god økologisk sjokolade som passar fint til Valentinsdagen.

Viktige kundar

Den siste tida har den vesle blomsterbutikken også fått nye og viktige kundar.

– Me har fått kundar frå Årdal. «Kveikja Årdal» handlar fast hjå oss, det er veldig kjekt.

Årdølene må nemleg ut av bygda for å finna ein blomsterbutikk, og kjem til Aurland for å handla.

– Dei gir oss gode tilbakemeldingar. Dette samarbeidet er veldig spennande og noko me håpar held fram.

Blomsterbutikken har også ein del kundar frå andre stader i landet, særleg om sommaren.

– Då kjem ein del langvegsfrå for å handla. Mellom anna frå Austlandet, men også rundt om i Sogn.

Kommentarer til denne saken