Det ser ut til at Fjellsportfestivalen får fine forhold i fjella med opplett, sol og mildvêr denne veka. (Arkiv)

I dag startar Fjellsport-festivalen - slik blir festivalvêret

Blir melde om kraftig snø i Hodlekve onsdag kveld, medan det blir mildvêr i helga.

Publisert 20.02.2019 kl. 07.10.

Yr.no melder om kraftig snø på Hodlekve skisenter onsdag ettermiddag og kveld. Gradestokken held seg på null grader, medan det blir melde om to plussgrader og sol torsdag. Mildvêret held fram fredag med overskya og litt sol på ettermiddagen. Det kan bli heile seks plussgrader denne dagen.


Mildvêret held fram laurdag med opp til fire plussgrader, overskya og sol. Søndag blir det litt kaldare, og det er venta snø og nedbør natt til søndag elles er det overskya og opplett ut dagen.


Det blir det melde om moderat snøskredfare i fjellet. Ferdsel i skredterreng krever kunnskap, erfaring i rutevalg og evne til å identifisere skredproblem. Generelt blir det anbefalt å unngå terreng brattare enn 30 grader for å unngå å løse ut skred.


I Sogndal sentrum er det venta flott vêr ut veka med opp til 11 grader på fredag og laurdag. 


Årets Fjellsportfestival dansast i gang med skiballett i parken utanfor Sogndal rådhus onsdag ettermiddag.


Les meir om: Nyhende Fjellsport Sogndal