I dag startar bålforbodet: – På grunn av koronaviruset og den spesielle tida me er i, oppmodar me sterkt om å følgja råd og pålegg

BÅLFORBOD: Fra 15. april til 15. september er det eit generelt bålforbud over heile landet.

BÅLFORBOD: Fra 15. april til 15. september er det eit generelt bålforbud over heile landet. Foto:

Frå 15. april til 15. september er det forbod mot open eld i skog og mark over heile landet, bortsett for på godkjende bålplassar.

DEL

Unntaket er på stader der det openbart ikkje kan føra til brann.

– Bruk skjønn

– Bålreglane er opne for bruk av skjønn. Du kan tenna opp bål i tilfelle der det ikkje openbart kan medføra brannfare. Det kan til dømes vera der det framleis er mykje snø, etter mykje nedbør, på sand, eller i god avstand frå vegetasjon, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv, i ei pressemelding.

Mange stader i Sør-Noreg er det allereie svært turt etter ein snøfattig vinter, og difor er det allereie no stor fare for at det lett kan oppstå brann. Norsk Friluftsliv rår til å følgja med på informasjon frå heimkommunen og lokalt brannvesen, i tilfelle det blir innført totalforbod mot å gjera opp eld utandørs. Der vil du også finna informasjon om tilrettelagde og godkjende bålplassar.

– På grunn av koronaviruset og den spesielle tida me er inne i, oppmodar me sterkt om å følgja råd og pålegg når det gjeld bål, eingangsgrillar og eld utandørs. Ein skogbrann er svært krevjande, og er ikkje ein ekstrabelastning brann- og redningstenester treng no, seier Heimdal.

Grill- og bålvettreglar

Norsk Friluftsliv og Hold Norge Rent har i samarbeid utarbeida grill- og bålvettreglar, med gode råd når ein er ute i naturen:

  • Unngå bruk av eingangsgrill

Eingongsgrillar er eit stort forsøplingsproblem og kan også gjera skade på svaberg, gras og anna vegetasjon. Kjøp heller ein bernbar fleirbruksgrill og sett den på eit trygt underlag som til dømes sand. Du kan også oppsøkja godkjente grill- eller bålplassar. Mange kommunar har sett opp offentlege grillar som alle kan nytta.

  • Unngå bruk av eingongsprodukt

Ta med tallerkenar, bestikk, koppar m.m. heimanfrå i staden for å kjøpa eingongsprodukt. Forsøk også å avgrensa bruken av tennvæske og opptenningsbrikettar.

  • Respekter forbodet mot open eld i skog og mark

Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot open eld i skog og utmark med unntak av godkjent bålplass. Det er likevel tilette å gjera opp eld der det openbart ikkje kan medføra brann.

  • Unngå å gjera skade på friske trær

Dersom du skal grilla på bål, kan du bruka turre kvistar du finn i skogen, men unngå å gjera skade på friske tre. Husk også at verneområde og nasjonalparkar har egne avgjerder knytt til sanking av ved, bruk av etablerte bålplassar, forbod mot open eld m.m.

  • La grillen bli heilt avkjølt etter bruk

Ver heilt sikker på at grillen er kald før den blir pakka ned. Ha med ei stor flaske vatn til sløkking av grillen. Eingongsgrillar må vera heilt kalde før dei blir kasta i ein avfallsdunk, eller takast med heim.

  • Ta med alt avfall heim

Ta alltid med alt avfall og alle matrestar heim. Dette kan skada både dyr og miljø – og forsøpling er lite hyggjeleg for de som kjem etter. Plukk gjerne også opp anna avfall som er kome på avvege. Bruk Hold Norge Rent sin sporlyspose eller ta med noko anna å ha avfallet i.

Artikkeltags