30 millionar har det kosta å verna sentralsjukehuset i Førde mot 1000-års flaumar, skriv Helse Førde i ei pressemelding måndag. Arbeidet vart fullført i desember, og er ein del av infrastrukturen Helse Førde er pålagd å etablera før nybygget for psykisk helsevern blir sett i drift.

Mellom anna er det laga ein flaumvoll med innebygde pumper som har ein samla kapasitet på 2000 liter i sekundet.

Storflaumar på området er heldigvis sjeldne, men avdelingssjef Torstein Solset hugsar då vatnet stod på dørstokken under oktoberflaumen i 1983.

– Det vart mobilisert ein masse folk, men me stod der makteslause og såg, og frykta kvar dette kunne bera avstad, seier han.

Til alt hell gjekk det bra den gongen. Med det nye flaumvernet på plass er håpet at ein slepp å lita på flaksen i framtida.