STOLT: Lean-prisen er ein av dei gjevaste prisane du kan vinna, seier fabrikksjef Stian tangen ved Hydro Høyanger. (Foto: Hydro)

Hydro Høyanger i finalerunden

Hydro Sunndal og Hydro Høyanger er to av fem finalister til den prestisjetunge Leanprisen.

Publisert 11.10.2018 kl. 06.20.

 Begge verk er valde ut på grunn av strukturert forbetringsarbeid for å skapa konkurransekraft og ein svært aktiv involvering av tilsette og tillitsvalde, skriv Hydro i ei pressemelding.


Hydro Høyanger og Hydro Sunndal deltek i kåringa med forbetringsarbeidet Aluminium Metal Business System, korta til AMBS. Systemet dreier seg om å skapa stabilitet i produksjonen og sikra kontinuerlege forbetringer - og er felles for heile Primærmetall i Hydro.


Høgthengande pris

Det er Lean Forum Norge som står bak prisen som blir delt ut på årskonferansen til Lean Forum Norge, 6-7.november i Oslo.


Fabrikksjef ved Hydro Høyanger, Stian Tangen seier Leanprisen er ein av dei gjeveste prisene eit norsk verk kan vinna.


- Dette er NM i Lean. Me har sikra oss finaleplass fordi me er gode på å involvera heile organisasjonen i å skapa forbetringer. Me er det minste verket i Norge, men me er likevel i eliten blant verdas aluminiumverk. Det er fordi me i Høyanger er ein heilskapleg gjeng som trekker i lag og kvar dag bidreg til å jobba litt smartere enn dagen før.


Hydro Årdal har vore i finalen to gonger tidlegare, utan å nå heilt opp.


Siste saker Gå til framsida