Hydro gjer koronatiltak- varslar permitteringar

UROA: Informasjonsdirektøren i Hydro, Halvor Molland, seier dei er sterkt uroa for koronasituasjonen og varigheita både i Norge og i verda.

UROA: Informasjonsdirektøren i Hydro, Halvor Molland, seier dei er sterkt uroa for koronasituasjonen og varigheita både i Norge og i verda. Foto:

Koronasituasjonen er utfordrande for den globale økonomien og Hydro varslar tiltak.

DEL

- Helsa og tryggleiken til våre tilsette og lokalsamfunna der me har verksemd er vår viktigaste prioritet. Med kraftfulle, avbøtande tiltak og beredskapsplanar på tvers av selskapet, vil me halda fram våre operasojnar så langt det er mogleg, til fordel for våre tilsette, vår verksemd, lokalsamfunn og samfunnet elles, seier konsernsjef Hilde Merete Aasheim i ei pressemelding.

Hydro tek grep for å sikra eit trygt arbeidsmiljø, støtta lokalsamfunn, oppretthalda virksomheit og sikra likviditet, melder konsernet.

Droppar utbyte

Tiltaka omfattar endring av tidlegare annonsert utbytebeslutning og frys av investeringar.

Me vil vurdera andre tiltak fortløpande i takt med korleis situasjonen utviklar seg, seier Aasheim.

Tiltaka inkluderer:

  • Midertidige nedstengingar og permitteringar
  • Hydro frys 25 prosent av gjenverande 2020 investeringar
  • Utsetjing av gjenopninga ved Husnes aluminiumsverk
  • Kostnadskutt og kostnadsdisiplin på tvers av selskapet
  • Lønsfrys for konsernleiinga og ingen bonus for 2020
  • Styrevedtak om å endra utbyteforslaget på 1,25 kroner per aksje og i staden føreslå at styret får fullmakt til å beslutta utdeling av utbyte på på eit seinare tidspunkt, dersom tilhøva ligg til rette for det.

Ingen i Noreg

Totalt har Hydro permittert 1.400 tilsette. Så langt har ingen blitt permitterte i Noreg, fortel pressekontakt i Hydro, Halvor Molland til E24.

– Dei mellombelse oppsigelsane kjem som følge av at ulike anlegg er stengde ned på ubestemt tid, mellom anna to i Kina og også i Europa. Ingen tilsette er sagte opp av oss og me har intensjon om å starta opp att produksojnen, men kor lenge stansen vil vara, er usikkert, seier Molland til nettstaden.

Artikkeltags