Hydro Årdal med raus gåve til lokale idretts- og kulturformål

GÅVMILD: Me ynskjer å bidra til å få hjula i gang att i lokalsamfunnet, seier Wenche Eldegard, fabrikksjef ved Hydro Årdal.

GÅVMILD: Me ynskjer å bidra til å få hjula i gang att i lokalsamfunnet, seier Wenche Eldegard, fabrikksjef ved Hydro Årdal. Foto:

Hydro Årdal gjev 400.000 kroner til lokale idretts- og kulturføremål.

DEL

Pengane skal koma frivillige organisasjonar som har fått inntektssvikt, aktivitetssvikt og arrangementssvikt som følgje av Covid-19-pandemien, til gode.

– Me ønskjer med dette å bidra til å få hjula i gang att i lokalsamfunnet, seier fabrikksjef Wenche Eldegard i Hydro Årdal i ei pressemelding.

Dugnad

Eldegard syner til at det har vore ein storstila dugnad for å hindra spreiinga av Covid-19.

– No som samfunnet sakte blir normalisert, startar dugnaden for å få hjula i gang att. Denne donasjonen er eit bidrag til nettopp dette, seier Eldegard.

Donasjonen er øyremerka veldedige føremål og skal gå direkte til dei som treng hjelp innan idrett og kultur i lokalsamfunnet.

Samarbeid

Ein komité med Hydro Årdal, LO Hydro og lokale tillitsvalde samarbeider med kulturavdelinga i Årdal Kommune som skal hjelpa til med vidare disponering av midla.

– Målet er at donasjonen skal fordelast på fleire frivillige organisasjonar og at midlane raskt kjem i sirkulasjon, seier Eldegard.

Krevjande

Hovudtillitsvald Andreas Bakken seier det er gledeleg å kunna bidra til at lokale frivillige organisasjonar får hjula i gang att etter ein krevjande periode med nærast null inntektsgjevande aktivitet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken