Hus står i fare for å bli tekne av elva - fleire evakuerte

- Her er det skikkeleg kritisk, seier ordførar Ivar Kvalen.

Publisert 14.10.2018 kl. 11.49. Oppdatert kl. 13.13.

Kvalen er sjølv i Mørkridsdalen i Fortun på føremiddagen søndag, og ser at elva er i ferd med å ta med seg både hus og gardsbruk.


- Dette kan gå skikkeleg gale, men det er ikkje så mykje me kan gjera anna enn å avventa. Men det er vannvittige vassmengder, seier Kvalen.


Alle bustadshusa i området er evakuerte og Kvalen skildrar situasjonen som kritisk.


- No er det berre sju åtte meter att ned til eine huset her og stig elva i same fart så er ikkje det huset meir om nokre timar, seier Kvalen.


Det skal ikkje vera fastbuande i huset som ligg mest kritisk til, men store verdiar kan gå tapt dersom vatnet stig meir.


- Elva har greve ut i ein sving og flytta seg minst tjue meter, her er jordkantar som er seks-sju meter høge. Det ser rett og slett ut som ei slagmark.


Politiet har varsla folk i området og bedd dei evakuera - det gjeld også Fortunsdalen.


Kvalen seier at kommunen er i beredskap, men har ikkje sett krisestab.


- Politi, brann og redning er varsla, så situasjonen er framleis handterbar, seier Kvalen.


 

MØRKRIDSDALEN: Elva finn seg nye vegar og har greve under vegen. (Foto: Privat)

Les meir om: Nyhende Video Luster Vêr

Siste saker Gå til framsida