Hugs å stilla klokka natt til søndag

Nokre ting er som før. Natt til søndag 29. mars går me frå normaltid til sommartid.

DEL

Det betyr at me stiller klokka éin time fram.

Ein grei hugseregel er at klokka alltid skal stillast mot næraste sommar. Altså ein time fram om våren (mot sommaren) og ein time tilbake om hausten (mot sommaren). Det betyr at me får ein time mindre i helga.

– Når me stiller klokka fram, blir natta ein time kortare. Me kan heldigvis gleda oss over lysare kveldar framover, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Ho har ansvar for Justervesenet, og dermed også full kontroll på nøyaktig tid her i landet.

Europakommisjonen la i 2018 fram forslag om å avvikla ordninga med å stilla klokka fram og tilbake. Det er enno ikkje kome ei avgjerd. Blir det vedteke, må Noreg bestemma seg for om landet skal ha sommartid eller vintertid som si normaltid.

Artikkeltags