Even Hovland har skrive kontrakt med svenske Häcken. Kontrakten med Rosenborg går ut ved nyttår, skriv dei på heimesida til RBK.

Vaimingen med fortid i Sogndal har spelt 148 kampar, og scora 12 mål for Rosenborg.

- Eg vil takka for ei fin tid, sjølv om resultata ikkje har gått vår veg dei siste åra. Eg har fått vener for livet i Rosenborg, og ynskjer alle lukke til vidare, seier Hovland til RBK.no.

Hovland fekk med seg seriegull og cupgull den første sesongen han spelte for klubben.