Hove vart matchvinnar

Fotballen rullar att, og fleire sogningar har vore i aksjon i helga, medan Sogndal har spelt treningskamp.

DEL

Sogndølen Johan Hove vart matchvinnar då han scora kampens einaste mål i eliteseriekampen mellom Strømsgodset og Odd søndag.

Even Hovland sat på benken for Rosenborg i 1-0 tapet mot Molde laurdag kveld.

Gustav Valsvik spelte heile kampen i midtforsvaret til RBK.

Mats Solheim starta sin andre strake kamp for sin nye klubb Stabæk då dei møtte Vålerenga på Intility arena søndag. Den tidlegare Sogndal-spelaren var nest sist på på 1-1 scoringa. Kampen enda til slutt 2-2.

Det vart 1–1 i treningskampen mellom HamKam og Sogndal på Briskeby laurdag.

Hamarlaget tok leiinga ved Marcus Pedersen i første omgang, medan Kristoffer Hoven utlikna i andre omgang.

Artikkeltags