Høie: Du skal ikkje skamma deg, du skal testa deg

OPPMODING: Bent Høie, helse-og omsorgsminster, meiner ein ikkje skal skamma seg for å reisa utanlands: – Test deg!

OPPMODING: Bent Høie, helse-og omsorgsminster, meiner ein ikkje skal skamma seg for å reisa utanlands: – Test deg! Foto:

Av

Helseminister Bent Høie (H) ber om ei endring av det offentlege ordskiftet. Han fryktar at skamkjensle vil gjera det vanskelegare å kjempa mot koronaviruset.

DEL

– Det er eit hardt ordskifte. Eg er redd for at det kan gjera det vanskelegare å stoppa smitte. Skuld og skam har aldri vore til hjelp i kamp mot smittsame sjukdommar, tvert imot, seier Høie på pressekonferansen på fredag om koronaviruset.

Helseministeren seier likevel til NTB at han ikkje kjenner til konkrete saker om folk som har late vera å testa seg på grunn av skam.

Høie ber både folk flest og media tenkja på korleis dei omtalar brot på reglane.

– Svenskehandel blir fordømd, dei som ikkje held avstand, blir omtala i harde ordelag, og dei som gløymer seg, blir kalla egoistar. Synd og skam har aldri vore til hjelp, tvert imot, seier Høie.

Han understrekar at kven som helst kan gløyma seg, vera uheldige og bli smitta.

– Eg vil seie dette til deg som fryktar at du er smitta: Du skal ikkje skamma deg, du skal testa deg. Slik tek du ansvar og hindrar smitten i å breia seg.

Opnar ikkje heile Sverige enno

Danmark opna torsdag for reiser til og frå alle svenske regionar, men Noreg vil førebels ikkje gjera det same.

– Me er veldig glade for at talet på smitta går nedover hos naboane våre i aust, og det inneber at me forhåpentleg kan opna fleire svenske regionar neste veke, seier Høie.

Han seier òg at regjeringa ikkje vil opna for regionvise vurderingar av land utanfor Norden med det første. Det skal takast grundige vurderingar før land utanfor Europa blir opna, og dette vil gjerast i august.

– Sjølv om me kan reisa til ulike land, må ikkje dette bli oppfatta som ei oppmoding om å reisa utanlands, understrekar Høie.

– Eg er uroa

Helsedirektør Bjørn Guldvog er uroa over det aukande talet på koronasmitta her til lands. Han meiner dette blir krevjande i tida som kjem.

Helsedirektøren viste under ein pressekonferanse fredag til både at talet på smitta aukar, og at fleire må i karantene.

– Eg er uroa over det. Me har venta at me kan få utbrot, men samtidig må me erkjenna at me står i eit balansepunkt. Den fridommen me har hatt i sommar, er ikkje lettkjøpt. Det er ikkje slik at me kan unngå å følgja smitteråda, unngå å vera heime når me er sjuke, ikkje vaska hendene og ikkje halda avstand i tida framover, seier han.

FHI: Viktig at munnbind blir brukt rett

Det kom òg fleire spørsmål om bruk av munnbind, etter at stadig fleire land krev bruk av munnbind i det offentlege.

Det kan bli aktuelt å tilrå munnbindbruk i Noreg ved ei eventuell smitteblomstring, seier FHI og påpeikar at det er viktig at munnbind blir brukt rett.

– Dersom munnbind blir brukt, bør det brukast rett. Du må mellom anna sørgja for at munnbindet dekkjer både munn og nase, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet (FHI) på pressekonferansen på fredag om koronasituasjonen.

– Munnbind kan ved ei eventuell blomstring bli aktuelt å tilrå i Noreg, til dømes i situasjonar der det er vanskeleg å halda avstand. I midten av august skal me senda råda våre til departementet, seier Vold.

Artikkeltags