Ei fersk undersøking Sentio har gjort for Actis, Rusfeltets samarbeidsorgan, viser at 67 prosent av dei spurde er heilt samde eller ganske samde i denne påstanden: «Det er viktig med fleire alkoholfrie arenaer for både barn og vaksne, som idrettsarenaer, kinoar og kulturarrangement».

Berre 12 prosent seier dei er heilt usamde (5 pst) og ganske usamde (7 pst) i påstanden. 19 prosent svarar verken eller, medan to prosent svarar veit ikkje.

Generalsekretær Inger Lise Hansen i Actis meiner det er eit paradoks at talet på skjenkeløyve er meir enn tredobla dei siste 30 åra, og at det er skjenking på stadig nye arenaer der det tidlegare ikkje var alkohol. Ho nemner konfirmasjonar, frisørsalongar, klesbutikkar og ikkje minst fotballstadion.

Alkohol og idrett

I eit lesarinnlegg i Sunnmørsposten kjem generalsekretæren med krass kritikk av Aalesunds Fotballklubb for at dei har sett opp eit stort øltelt utanfor stadion før 16. mai-kampen mot Molde i Eliteserien. Det AaFK treng er poeng og ikkje alkohol, skriv ho blant anna.

AaFK ligg heilt sist på tabellen med eitt poeng og med null skåra mål.

– Heile tida blir arenaer som tidlegare har vore aksepterte som alkoholfrie, utfordra. Idrett og alkohol høyrer ikkje saman, og det er også mange barn på slike arrangement. Dei skal sleppe å sjå rusa vaksne, seier ho til NPK.

Ei anna fersk undersøking, som Respons Analyse har gjort for måtehaldsorganisasjonen Av og Til, viser at nesten halvparten av oss meiner at det er for mykje fokus på alkohol i samband med 17. mai.

– Tradisjonelt har 17. mai vore barna sin dag, men for mange er det ein dag med mykje alkohol. Det blir stadig meir vanleg med sjampanjefrukostar, og så held mange fram med å drikke alkohol utover dagen. Dei fleste barn opplever at vaksne oppfører seg annleis under påverknad av alkohol, og det er ubehageleg for dei. Vi treng ikkje utsette barna våre for det, seier Inger Lise Hansen.

Langhelgane i mai

Den tidlegare KrF-politikaren er klar på at dei mange langhelgene i mai gjer at mange drikk meir enn dei ville gjort elles.

– Det er ikkje sunt, korkje for ein sjølve eller for barna. Eg oppmodar alle til å drikke mindre eller aller helst droppe alkohol når det er barn til stades. Barna er trass alt dei viktigaste, seier ho.

Actis-generalsekretæren viser til statistikk som seier at rundt 90.000 barn her i landet veks opp med foreldre som drikk for mykje alkohol.

Generalsekretær Ragnhild Kaski i Av- og- Til meiner situasjonen er så alvorleg at det er behov for å løfte diskusjonen om alkoholkonsumet på nasjonaldagen opp på samfunnsnivå.

– Det er eit paradoks at barna sin dag har vorte den dagen der det ein del stader har vorte heilt vanleg å drikke alkohol til frukost, og der det blir synleg fyll i gatebiletet alt tidleg på dagen. Mange startar dagen med sjampanjefrukost og har eit høgt alkoholinntak heile dagen. seier ho til NPK.

Ho fortel at utestader fleire stader, blant anna i Tromsø og Ålesund, har valt å halde stengt fordi dei opplevde mykje fyll også på dagtid i fjor.

Utrygge barn

Kaski minner om at dei vaksne endrar seg når dei drikk alkohol, og at barna merkar det raskare enn ein skulle tru.

– Dei kan bli utrygge og synest det er ekkelt at dei vaksne endrar seg. Så sjølv om det er fest, likar barn seg aller best når dei vaksne oppfører seg som normalt, seier ho.

Ragnhild Kaski ber folk tenkje over kor mykje dei drikk når det er barn til stades, og ho tilrår alle å teste ut dei mange alkoholfrie festdrikkane som no er på marknaden.

– Og det er ingen grunn til å skulde på at alkoholfritt smakar vondt. For det er ikkje sant, avsluttar ho.

I undersøkinga seier 46 prosent er dei er samde i påstanden om at alkohol har ein for stor plass i 17. mai-feiringa. I byar med over 100.000 innbyggjarar seier 50 prosent at dei er samde i påstanden, medan i byar med mellom 25.000 og 100.000 innbyggjarar er talet 46 prosent. I byar med folketal mellom 15.000 og 25.000 innbyggjarar er talet 47 prosent. På stader med mindre enn 15.000 innbyggjarar er det 39 prosent som meiner alkohol har for stor plass i feiringa.

– Meir prega av alkohol

Visepolitimeister i Vest politidistrikt Arne Johannesen, også kjend som mangeårig leiar i Politiforbundet og politisjef i Sogn og Fjordane, var styreleiar i Actis i tolv år fram til september i fjor. Han har også merka at 17. mai har vorte stadig meir prega av alkohol.

– Tidlegare var det natt til 17. mai som var den store utfordringa for politiet. Det er det nok framleis, men no er det mykje meir også på dagtid 17. mai. Det er fleire som drikk heile dagen, og det er fleire rusa personar ute i gatene, der det også er mange barn, seier han til NPK.

Det er fleire årsaker til at den profilerte polititenestemannen har engasjert seg i kampen mot alkoholmisbruk, men den viktigaste er det han har opplevd som politimann.

– Vi i politiet møter skuggesidene av det alkohol fører med seg for mange. Det er vald, overgrep og øydelagde familiar, og det er ingen tvil om at det er ein stor samanheng mellom rus og valdskriminalitet. Greier vi å redusere alkoholbruken, vil det også gi mindre kriminalitet, seier visepolitimeisteren.

(©NPK)