Høgskulen stengjer undervisninga på alle sine campus

Fem campus avlyser undervisningsaktivitet.

DEL

Alle HVL sine campus blir stengde for studentaktivitet frå og med fredag 13. mars til tysdag 14. april.

Studentar skal ikkje opphalda seg på campusane i denne perioden, skriv Høgskulen på Vestlandet i ei pressemelding.

HVL jobbar fortløpande med å finna alternative løysingar for undervisning og rettleiing. Praksis går i utgangspunktet som normalt.

Skuleeksamen og munnleg eksamen vil ikkje bli avvikla i denne perioden, og HVL opplyser at dei jobbar med alternative løysingar.

Alle tilsette blir oppmoda til å jobba heimefrå viss det er mogleg, og dei skal ikkje gjennomføra tenestereiser.

Alle kurs, konferansar og arrangement ved dei fem campusane Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund blir avlyste i perioden.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken