– Eg vil at studentane skal møte konkrete problemstillingar frå arbeidslivet i utdanninga, slik at dei betre forstår korleis dei kan bruka det dei har lært når dei skal ut i jobb. Dette er viktig for studiekvaliteten og for at næringsliv og offentleg sektor skal få den kompetansen dei treng. Difor bruker me no 45 millionar kroner på prosjekt som skal knyte tettare band mellom utdanningar og lokale og internasjonale verksemder, seier Henrik Asheim (H), forskings- og høgare utdanningsminister, i ei pressemelding.
Ti prosjekt
Pengane skal gå til å utvikla nye samarbeid, læringsformer og læringsarenaer som skal gjera utdanningane meir relevante for arbeidslivet.
Det er Universitetet i Søraust-Noreg, UiT Noregs arktiske universitet, NTNU, Høgskulen på Vestlandet, Nord universitet, Noregs handelshøgskole og Noregs miljø- og biovitskapelege universitet som får stønad.
Prosjekta er i fag som økonomi og administrasjon, ingeniørfag, journalistikk og scenekunst. Dei fleste er tverrfaglege, og fleire arbeider direkte med innovasjon og entreprenørskap. I sju av prosjekta får studentane praksis i ei verksemd, eller andre former for erfaringsbasert læring. Samstundes skal dei forske på eigen aktivitet og dele kunnskap og praksis som fører til meir relevans i høgare utdanning.
Det er Diku, Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning, som deler ut pengane. Prosjekta som får stønad kombinerer pedagogisk utvikling som aukar studentanes læring, med konkrete planar for samarbeid godt forankra i behov i arbeidslivet.
– Gjennom tverrfaglege prosjekt og utfordringsbasert læring får studentane viktig kompetanse innan samarbeid, kreativitet og omstilling. Dette er helt vesentleg for arbeidslivet i framtida, seier Harald Nybølet, direktør i Diku, i pressemeldinga.
Støtte
Høgskulen på Vestlandet får 3 768 000 kroner til prosjektet ingeniørar i tverrfaglege team løyser framtidas utfordringar og dei får 4 984 000 kroner til prosjektet integrert praksis i nautikkutdanningen.