Det skal undersøkjast korleis tiltaka som vart sett i verk under koronapandemien fungerte i Noreg, Kina, Italia og USA, skriv Forskingsrådet i ei pressemelding torsdag.

Professor Chunyan Xie ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal leia forskingsprosjektet saman med HVL-forskarane Ove Oklevik og Helene Maristuen. Forskinga skjer i samarbeid med internasjonale forskarar frå University of Michigan (USA), University of Milano-Bicocca (Italia), og Hunan University (Kina).

HVL-prosjektet er eit av 30 prosjekt som no får finansiering, av totalt 78 fagmiljø som leverte inn søknader til Forskingsrådet. Til saman 130 millionar kroner vart hasteutlyst til forsking på spørsmål som er relevante for å handtera koronavirusutbrotet.

Skal undersøkja reaksjonsmønster

Forskarane skal undersøkja reaksjonsmønster i befolkninga ut frå tiltak frå tre samfunnsaktørar: styresmaktene, bedrifter og individ. Målet er å avdekkja i kva grad kommunikasjon og tiltak kan framkalla, eller redusera emosjonelle reaksjonar i befolkninga som til dømes angst og frykt.

Forskarane vil også finna ut korleis kommunikasjonen og tiltaka kan framkalla andre negative reaksjonar, som klaging, spreiing av misforståingar, og det å nekta å følgja anbefalingar frå styresmaktene.

Også positive reaksjonar, som støtte for sårbare grupper og tiltru til styresmaktene skal undersøkjast.

Samanlikning på tvers av land

– Me skal køyra eit felteksperiment i fire land, der kommunikasjon og tiltak vert systematisk variert, slik at me kan samanlikna tiltak og krisekommunikasjon på tvers av land. I tillegg vert det nokre spørjeundersøkingar som berre kjem til å gå i Norge, seier professor og forskingsleiar Chunyan Xie i pressemeldinga.

Han legg til:

– Det er viktig for å forstå konsekvensane av ulik kommunikasjon og tiltak frå styresmaktene og andre samfunnsaktørar på befolkninga. Slik at ein kan setja i verk dei tiltaka og den kommunikasjonen som verkar best ved eit eventuelt framtidig pandemiutbrot. Det er viktig å koma i gong no, medan me framleis er i ei delvis nedstengd verd. Om to år vil me ikkje kunne få svara på desse spørsmåla, for då er Korona- utbrotet historie.

Forskingsprosjektet startar opp 1. juli.