– For Høgre sin del er det ikkje aktuelt å setja i gang med stenging av Lærdalstunnelen før me har fått konsekvensane på bordet, me veit kva dei avbøtande tiltaka blir og me har god involvering av dei som blir råka, seier Liv Kari Eskeland som sit i Stortinget sin transportkomité for Høgre.

Eskeland fortel at lokale høgrefolk, som Noralv Distad og Olve Grotle har vore på ho om tunnelen.

– Det har vore eit voldsomt engasjement fordi folk ser at både privatpersonar og næringsliv blir råka. Folk forstår ikkje korleis dei skal halda seg i jobb dersom tunnelen stengjer i eit år. Her bør ein gå i dialog med både enkeltpersonar og bedrifter før dette kjem på plass, seier stortingsrepresentanten frå Hordaland.

Ligg inne i budsjettframlegget

Ho koplar det som skal skje med statsbudsjettprosessen der pengane til utbetringa av tunnelen blir løyvde.

I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett ligg arbeidet i Lærdalstunnelen inne med ei startløyving og formuleringa «det er lagt opp til at utbedringsarbeidene kan starte opp hausten 2023, og arbeidene er ventet ferdigstilt i 2028».

Blant det som skal gjerast er bygging av fleire tekniske bygg i bergrom, utskifting av lysanlegget, etablering av naudstasjonar, installering av leielys og dessutan nytt overvakingssystem. Så langt har Statens vegvesen antyda at dei vil stengja tunnelen i eitt år samanhengande for å bli ferdige med det grøvste.

Vegvesenet ser på lang nattestenging: – Det blir gitt inntrykk av at me har bestemt oss, det har me aldeles ikkje

Vil halda att pengar

– Statens vegvesen har kome med eit framlegg, og regjeringa har tydelegvis gått innfor det sidan det er løyvd ein større sum i framlegget til Statsbudsjett. Dette må bety at arbeidet skal i gang.

– Eg oppfattar ikkje at Regjeringa har strekt ut ei hand for å sjå på alternative løysingar, og det meiner me må gjerast. Difor har me halde att pengar i vårt alternative statsbudsjett, og lagt inn 55 millionar kroner til å greia ut andre alternativ og for å laga ei sterkare konsekvensutgreiing.

Vil krevja to løp i verdas lengste: – Det handlar om ein vil byggja landet, eller sløsa pengar

I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2023 ligg det inne knappe 65 millionar kroner som ei startløyving. Kostnadsramma på heile prosjektet er på rundt 2,3 milliardar kroner, men vil variera etter kva løysing som blir vald.

– Me sit med same inntrykket

På folkemøta som vart arrangerte i Aurland og Lærdal, vart mange sitjande med kjensla av at lokalsamfunna rundt tunnelen er for små til å bli vektlagde, sjølv om det ikkje finst alternative vegar å køyra medan tunnelen eventuelt er stengt.

– Det er det same inntrykket som me sit med. Vegvesenet ynskjer sjølvsagt ei effektiv og rask avvikling av arbeidet, og det får det ved å jobba i fred og ro inne i tunnelen i eit år. Men me opplever at dei som blir råka, til dømes transportørane ikkje er tekne skikkeleg vare på enno, seier Eskeland.

Sande vil også venta

Leiar i transportkomiteen og stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Erling Sande (Sp), har ingen innvendingar mot Eskeland sitt framlegg, og seier det er i tråd med det han har sagt tidlegare. Sjølv om han ikkje har vore like konkret på tidpunka.

– Eg tenkjer at det ho seier er i tråd med det eg har sagt før. Me må ta ein fot i bakken og få utgreidd konsekvensane. No er ein i gang med eit arbeid i regi av Vegvesenet som skal vara ut våren for å sjå på konsekvensane. Dermed er det vanskeleg å sjå føre seg ei oppstart til neste haust, seier Sande og forklarar formuleringa i Statsbudsjettet med at det har skjedd mykje sidan den vart skriven.

Først og fremst at Vegvesenet tok til å lena mot eitt års full stenging, deretter dei sterke reaksjonane frå Sogn.

– Desse diskusjonane må koma før ein skal konkludera med stengingsregime.

– Men kva om dette blir hengjade over oss i årevis?

– Det er ikkje bra med ein uavklart situasjon heller. Men det er ein skilnad mellom å utsetja i årevis og å ta seg ein fot i bakken og sjå på konsekvensane.

– Eg har ikkje lyst til å gjetta nokon dato for oppstart, men eg trur at me må vera ferdig med konsekvensutgreiinga. Så mykje hastverk har me ikkje.

Allereie på etterskot

Difor vil ho jobba for at vedtaket om korleis Lærdalstunnelen blir oppgradert til å stetta EU sine krav skal greiast ut betre, og dermed skyva det fram i tid. Sjølv om det kan medføra store bøter for Vegdirektoratet, sidan tunnelen allereie er langt på etterskot i forhold til EU sine fristar.

– Det er fleire tunnelar der me ikkje har møtt forskriftene enno, så det er fleire stader dispensasjonsregimet må utfordrast. Men det er rundt Lærdalstunnelen me har opplevd størst frustrasjon i forhold til korleis ein vil gjennomføra vedtaket.

Difor ber ho om at startdatoen blir utsett med eit år, altså til hausten 2024, slik at konsekvensar og avbøtande tiltak kan greiast betre ut.

– Me er nøydde til å syta for at me får den gode og breie involveringa me er vande med å ha i Noreg, seier Eskeland.