– Me får nordlysvarsel på telefonen. Så då var det berre å få på seg klede og koma seg ut, seier Bergset, som bur i Marifjøra.

Det var nok mange sogningar som fekk seg ei flott naturoppleving, men ikkje like mange fekk like flotte bilete som hobbyfotografen.

Når me ringjer er han ute på ein sykkeltur, men sjølv då er kameraet med på slep.

– Å ta bilete er ein hobby eg har hatt i nokså mange år. Kameraet er alltid med, vedgår Bergset.

Eit kamera har ofte enklare for å fanga fargespelet frå nordlyset enn det blotte auget. Søndag kveld var det derimot fullt mogleg å få med seg utan å bruka anna enn eige sanseapparat.

– Det dansa fint i går kveld, seier Bergset, som tok biletet frå Eikjastrondsvegen ved midnatt.

Tok du bilete av nordlyset? Send inn til redaksjon@sognavis.no.