Ho får ny toppstilling i politiet

LOV OG ORDEN: Det er eit privilegium å ha ein jobb kor eg kan bidra til å sikra tryggleik, lov og orden for innbyggjarane i Vest politidistrikt, seier Ane Kvaal, nytilsett visepolitimeister i Vest politidistrikt.

LOV OG ORDEN: Det er eit privilegium å ha ein jobb kor eg kan bidra til å sikra tryggleik, lov og orden for innbyggjarane i Vest politidistrikt, seier Ane Kvaal, nytilsett visepolitimeister i Vest politidistrikt. Foto:

– Eg gler meg til å koma tilbake til Vestlandet, seier Ane Kvaal.

DEL

Etter to år i Politidirektoratet kjem Ane Kvaal tilbake til Vest politidistrikt som visepolitimeister. Tilsetjinga vart avgjort av Kongen i statsråd fredag, opplyser politidistriktet i ei pressemelding.

Startar på nyåret

– Eg er veldig glad for å ha fått denne stillinga. Det er eit privilegium å ha ein jobb kor eg kan bidra til å sikra tryggleik, lov og orden for innbyggjarane i Vest politidistrikt. Eg kjenner dei dyktige medarbeidarane i distriktet og ser fram til å jobba vidare med dei. Og ikkje minst, sidan eg kjem frå Førde, gler eg meg til å komma tilbake til Vestlandet, seier Kvaal i pressemeldinga.

Åremålsutnemninga av seksjonssjef Ane Kvaal til visepolitimeister i Vest politidistrikt er for ein periode på seks år. Det er venta at Kvaal startar i stillinga utpå nyåret 2021.

Kjenner organisasjonen

– Eg er glad for at utnemninga er på plass. Eg kjenner Ane godt og eg veit at vi fungerer godt saman og ser fram til å få henne som visepolitimeister. Det blir bra med ein visepolitimeister som kjenner området og organisasjonen godt. Eg ser fram til å jobbe enda nærare med Ane i tida som kjem, seier politimeister Kaare Songstad i pressemeldinga.

Kvaal er utdanna cand.jur. frå Universitetet i Oslo 1994. Ho har også gått Toppleiarkandidat programmet i politiet og FBI National Academy i USA. I 2017 starta ho på ein mastergrad i forsvarsstudiar ved Forsvarets høyskole.

Lang erfaring

Etter at ho var ferdig med studiane byrja Kvaal i Miljøverndepartementet. Frå 1998 til 2002 var ho tilsett i Sør-Varanger og seinare Øst-Finnmark politidistrikt som leiar for Retts- og påtaleeininga. Ho kom til Hordaland politidistrikt i 2004. I perioden januar 2009 til november same året var ho også dommarfullmektig i Fjordane tingrett. Ho har mellom anna vore leiar av den nyoppretta Felles eining for utlending og forvaltning (FUF) før ho byrja som seksjonssjef for Grense- og utlendingsseksjonen i Beredskapsavdelinga i Politidirektoratet.

Kvaal har sidan 2005 også hatt ei rekke oppdrag som valobservatør i fleire land og har også jobba på Sri Lanka med våpenkvileavtalen. Dette er oppdrag sekundert av Flyktninghjelpen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken