Gå til sidens hovedinnhold

Ho er ny samhandlingssjef i Helse Førde

Marte Ulltang er tilsett i eit engasjement som samhandlingssjef i Helse Førde.

Marte Ulltang er tilsett i eit engasjement som samhandlingssjef i Helse Førde.

– Eg ser med stor iver og begeistring på eit slikt høve til å få vera med å utvikla ei pasientorientert og framtidsretta helseteneste til befolkninga, seier Ulltang.

Ulltang er til vanleg klinisk ernæringsfysiolog i Helse Førde. Engasjementet skal vara eit halvt år. Helse Førde skal bruka dette halvåret til å avklara korleis ordninga med samhandlingssjef skal vera i framtida. Samhandlingssjefen er det fremste kontaktpunktet Helse Førde har med kommunehelsetenesta.

– Det offentlege skal gje effektive og trygge helse- og omsorgstenester av høg kvalitet. Å få bidra til å vidareutvikla samhandling mellom helseføretaket og kommunane, og koordinera oppgåver knytte til dette, er svært spennande. Det er noko som engasjerer meg stort, seier ho.

Sidan i haust har Margun Thue vore samhandlingssjef i kombinasjon med at ho òg er stadleg leiar ved Lærdal sjukehus. Thue har fått ny jobb utanfor Helse Førde, og sluttar i midten av mars. Dei to kjem til å samarbeida om stillinga som samhandlingssjef til dess.

Avdelingssjef for pasientreiser, Vidar Øvrebø, er konstituert som stadleg leiar i Lærdal frå mars, april og ut året, men skal ikkje ha stillinga som samhandlingssjef.

Ulltang starta i engasjementet denne veka. Ho skal jobba heiltid som samhandlingssjef det komande halvåret.

Les også

Etter seks år i Pasientreiser blir han sjukehussjef i Sogn: – Kjekt med nye utfordringar

Kommentarer til denne saken