Gå til sidens hovedinnhold

Hjort stakk til skogs etter smell

- Me veit ikkje om det vart nokon skade på førar eller bil.

Akkurat det står det nemleg ikkje noko om i rapporten hjå Vest politidistrikt etter at politiet fekk melding om eit samanstøyt mellom ein bil og ein hjort i Øvre Årdal i 22-15-tida måndag kveld.

- Det me veit er at det skjedde ved Svalheim, like ved lokala til Hugin musikkforum og golfbana, opplyser politiet.

Hjorten sprang til skogs etter samanstøyten, truleg med viltnemda hakk i hel.


Kommentarer til denne saken