Hitmaskin klare for Jordeplerock

TIL JORDEPLEROCK: Hans Petter Aaserud og Trang Fødsel kjem til Lærdal i juni.

TIL JORDEPLEROCK: Hans Petter Aaserud og Trang Fødsel kjem til Lærdal i juni. Foto:

Det blir høgst truleg gjenhøyr med Kursiv, Drømmedame og Hippie under årets Jordeplerock.

DEL

– Det er mange der ute som har gode minne med Trang Fødsel heilt frå slutten av 90-talet og fram til i dag. Heilt sidan «Kursiv» vart nominert til årets låt under Spelemansprisen i 1997 har dei hatt ein eigen plass i Norsk musikkliv, og det var til stor glede for det norske folk at gruppa vart gjenforent i 2003 etter nokre få års opphald, seier Helge Evensen Bjørkum, informasjonsansvarleg i Jordeplerock i ei pressemelding.

Jordeplerock blir i år arrangert 26.–27. juni.

Kjende popharmoniar

Bandet slo gjennom med Kursiv i 1997 og har turnert ivrig land og strand i ei årrekkje. Sidan debutalbumet Hybel har bandet gjeve ut fem plater.

– Å oppleva Trang Fødsel på konsert er alltid ein fest, med ei perlerad av låtar du kan – anten du er klar over det eller ikkje. Vokalist Hans Petter Aaserud står i spissen for eit energisk lag av musikarar som leverer popharmoniar og rockedriv av det sjeldne, seier Bjørkum.

Hver gang vi møtes

Aaserud er også ein av Noregs største låtskrivarar, og har skrive og produsert musikk for mange av Noregs beste artistar. I 2018 var han gjest i TV-programmet «Hver gang vi møtes».

Frå før er det klart at Vidar Villa og Odd Nordstoga kjem til årets Jordeplerock.

Artikkeltags