Hit reiser Rune for å fortelja om boka si

KJEM TIL VIK: Rune Timberlid vil fortelja om dei som bygde ein kultur for toppfotball i ei bygd med nokre tusen innbyggjarar.

KJEM TIL VIK: Rune Timberlid vil fortelja om dei som bygde ein kultur for toppfotball i ei bygd med nokre tusen innbyggjarar. Foto:

Forfattar Rune Timberlid kjem torsdag til Vik og Blix hotell for å fortelja frå boka si, Superlag frå Sogndal – Bygdelaget som vart toppklubb i fotball.

DEL

Rune har eit rikt biletmateriale og ei historie å fortelja om dei som bygde ein kultur for toppfotball i ei bygd med nokre tusen innbyggjarar.

Dyktige leiarar bygde opp vesle Sogndal Fotball til å bli eit topplag i norsk fotball. Dagens hovudtrenar Eirik Bakke er blant dei som skal føra vidare det som er skapt på Fosshaugane. Gong etter gong har klubben frå bygda ved Sognefjorden rykka opp i Eliteserien. Midt på 1970-talet fekk klubben fram eit lag som nådde cupfinale og rykka opp i vår nest øvste serie.

Sogndal Fotball aldri vore under OBOS-ligaen sidan 1977. Samstundes har klubben på imponerande vis bygt moderne anlegg. Frå å vera eit typisk bygdelag, er Sogndal Fotball utvikla til ein moderne klubb som nærmar seg 100 millionar kroner i årleg omsetnad. Denne boka fortel korleis klubben fekk det til.

Artikkeltags