Historisk høg arbeidsløyse: – Førebur oss på at talet vil vera høgt lenge etter at tiltaka rundt koronasituasjonen er oppheva

I Vestland var arbeidsløysa ved utgangen av mars på 10,2 prosent eller 34.274 personar. Det er ein auke på 336 prosent frå same månad i fjor og utgjer 26.406 personar.

DEL

Om lag 9 av 10 nye arbeidssøkjarar i mars oppgjev permittering som årsak til at dei melder seg ledige hjå NAV, går det fram av ei pressemelding.

– Mange av dei ledige har eit arbeidsforhold å returnera til når denne krisa er over, men me får òg signal frå marknaden om at mange ser dystert på situasjonen. For kvar veke som går med denne unntakstilstanden, vil fleire og fleire verksemder få utfordringar med å overleva, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes i pressemeldinga.

– Me førebur oss på at talet på ledige vil vera høgt lenge etter at tiltaka rundt koronasituasjonen er oppheva, legg Bogsnes til.

Auke i utlyste stillingar i industrien

Det er flest ledige innan butikk- og salsarbeid (5672), reiseliv og transport (5550) og serviceyrke (4218), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (205), akademiske yrke (373) og undervisning (739).

Talet på ledige stillingar har gått ned med 17 prosent sidan mars i fjor. Innan industri er det derimot ein auke på 39 prosent.

– Ei årsak til dette kan vera at ein del bedrifter har utanlandsk arbeidskraft som no sit i heimlandet, og på grunn av reiserestriksjonar ikkje har moglegheit til å koma til Norge, seier Bogsnes.

Kommunar med mykje reiseliv og turisme hardt råka

Størst auke i arbeidsløysa utanfor Bergen har Øygarden (+ 1451 personar), Askøy (+1189 personar) og i Alver (+991 personar). I Bergen kommune er det no 18.032 ledige, ein auke på 13.884.

Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Aurland (20,9 %), Hyllestad (19,2 %) og Ulvik (12,9 %), medan Fjaler (4,6 %), Masfjorden (4,7 %) og Gulen (4,8 %) har lågastarbeidsløyse i Vestland.

Arbeidsløysa i heile Noreg samla er på 10,7 prosent.

Artikkeltags