PÅ PLASS: Torsdag vart MR-maskina løfta inn i lokala på sjukhuset. (Foto: Ivar Husdal)

Historisk dag på Lærdal sjukehus - den etterlenga MR-maskina på plass

Torsdag vart MR-maskina løfta inn i lokala på sjukhuset.

Publisert 08.11.2018 kl. 19.37.

- Dette er ein stor dag då me fekk tett hus og MR-maskina er på plass, seier Margun Thue, stadleg leiar Lærdal sjukehus.


Ho kan fortelja at leverandøren skal vera på sjukehuset i to veker framover for å installera det tekniske og det som høyrer til. 


- Etter dette skal dei vera her i to veker for å driva opplæring av maskina.


MR-maskina er plassert i eit nytt tilbygg like ved den eksisterande røntgenavdelinga. I vår starta denne byggjeprosessen. 


- Ein har drive på lenge med bygget, så både pasientar og tilsette vart glade då dei såg at maskina vart løfta inn i dag, seier Thue.


Det har vore ei storstila mobilisering i heile Sogn, der både kommunane og private har samla inn 10 millionar kroner for å få på plass MR-maskina. No gler Thue seg til den offisielle opninga i desember.


- Datoen er ikkje fastsett heilt endå, det skal me bestemma i løpet av fredagen, seier ho.


Les meir om: Nyhende Lærdal

Siste saker Gå til framsida