Gå til sidens hovedinnhold

Hilde Lysengen Havro (45) flyttar heim og blir ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i avisa Valdres

Artikkelen er over 1 år gammel

Styret i Valdres Media AS har tysdag tilsett Hilde Lysengen Havro (45) som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar. Ho kjem frå jobben som debattleiar i Nationen.

(Avisa Valdres:) – Etter så mange år utanfor bygda, gler eg meg til å flytta heim til Valdres. Du kan ta valdrisen ut av Valdres, men aldri Valdres ut av ein valdris. Endringar i mediebransjen påverkar også oss og eg ser fram til å vera ein del av laget i avisa Valdres som skal utvikla avisa vidare, seier Havro.

Fra Nationen

Ho byrja si journalistiske karriere i NRK i 2008. I 2011 gjekk turen til Nationen, der Havro i stor grad jobba med næringslivssaker fram til ho vart kommentator i 2016 og seinare ansvarleg for debatt.

I Valdres Media AS og avisa Valdres får ho hovudansvaret for både drift og utvikling.

– Me skal levera god journalistikk på tema som er viktige for folk i Valdres, og som set Valdres inn i ein større samanheng. Valdres står, som resten av Distrikts-Noreg, ovanfor store samfunnsendringar som følgje av tida me er inne i. I desse endringane har og skal lokalavisa ha ein sterk posisjon. Å spegla små og store saker som er relevante for folk er ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt som lokalavis, seier Havro.

Vaks opp i Vang

45-åringen er oppvaksen i Vang i Valdres, men har budd i hovudstaden sidan studietida. Ho har likevel hatt eit nært forhold til heimstaden heile vegen. At avisa Valdres får ein redaktør som allereie kjenner distriktet, ser styreleiar Tom Martin Kj. Hartviksen som ein fordel.

– Styret er veldig nøgde med å kunna presentera Hilde som ny leiar i avisa. Ho har sterk redaksjonell kompetanse, har jobba med digitalisering, og har presentert oss for tankar og visjonar rundt det å vera leiar som me meiner passar organisasjonen godt. Så var det ikkje noko krav at me skulle ha ein Valdres-redaktør som kjenner distriktet frå før, men det er naturlegvis ikkje noko minus, seier Hartviksen.

Havro tek over etter Ivar Brynildsen som takkar for seg etter snart ti år. Brynildsen blir i avisa fram til han fyller 62 år til sommaren, men overlèt sjefsstolen til Havro når ho er på plass.

Ivar Brynildsen slutter i avisa Valdres

Vil vidareutvikla avisa

– Me er trygge på at Hilde vil vidareføra det utviklingsarbeidet som Ivar har starta på, samstundes som ho har nokre klare tankar om korleis avisa skal løftast vidare. Mellom anna får avisa tilført ein kapasitet når ein kjem til meiningsjournalistikken. Avisa Valdres går spennande tider i møte, seier Hartviksen.

Det er førebels ikkje avklart når Havro byrjar i stillinga.

Kommentarer til denne saken