Her vert det stengt om natta

STENGT: Denne overgongen ved Berekvam stasjon på Flåmsbana vert det nattestengt mellom 16. og 17. september. Køyrande får ikkje passera, men gåande og syklande kan ta seg fram på strekninga.

STENGT: Denne overgongen ved Berekvam stasjon på Flåmsbana vert det nattestengt mellom 16. og 17. september. Køyrande får ikkje passera, men gåande og syklande kan ta seg fram på strekninga. Foto:

DEL

Bane NOR skal utbetra sporet ved Berekvam på Flåmsbana natt til torsdag 17. september. Planovergangen vert stengd for bilar medan arbeidet går føre seg.

Det er ein sporveksel som treng opprusting. For å skjerma togtrafikken på Flåmsbana vert jobben gjort på kveld og natt. Entreprenør Spordrift skal utføra arbeidet på oppdrag frå Bane NOR, skriv selskapet i ei pressemelding.

Støyande arbeid

Arbeidet startar onsdag 16. september klokka 19.00, og skal vera ferdig torsdag 17. september klokka 08.00. I denne perioden vert planovergangen på stasjonen stengd for køyretøy. Fotgjengarar og syklistar kan passera, og det same gjeld naudetatar i tilfelle utrykking.

Arbeidet vil føra med seg noko støy frå arbeidsmaskiner. Me er leie for ulempene dette fører med seg for dykk som bur i området. Aurland kommune og politiet er orienterte om arbeidet.

Artikkeltags