Her treng dei frivillige som kan hjelpa folk med daglege gjeremål

KAN DU STILLA OPP?: Korona-pandemien har ført til at innbyggjarar i Vik kommune treng hjelp til praktiske oppgåver i kvardagen.

KAN DU STILLA OPP?: Korona-pandemien har ført til at innbyggjarar i Vik kommune treng hjelp til praktiske oppgåver i kvardagen. Foto:

Vik kommune treng hjelp til frivilligsentral.

DEL

Korona-pandemien har ført til at innbyggjarar i Vik kommune treng hjelp til praktiske oppgåver i kvardagen.

– For nokre kan det vera godt å ha nokon å prata med i denne tida når me skal halda oss mest mogleg for oss sjølve. Treng ein slik hjelp, kontakt frivilligsentralen som kriseleiinga har oppretta, seier Bjarnhild Samland, kommunalsjef oppvekst.

Enkle oppgåver

Helse og velferd må prioritera pleie framover som følgje av at mange tilsette er i karantene.

– Me har difor større behov for hjelp av frivillige og ber difor frivillige melda seg til Thale Halset, leiar for sentralen, seier Samland.

Handling av matvarer og apotekvarer, utdeling av middag, telefonkontakt til einslege, lufting av hund for personar i karantene/isolat, enkle oppgåver i huset og trilling av bosdunkar er aktuelle oppgåver.

Artikkeltags