Eit litauisk vogntog vart med ferja på tilbaketuren, medan resten av bilane køyrde i land på Fodnes i 15:20-tida måndag. Årsaka var startvanskar, opplyser Norled.

– Han fekk seg ein gratis tur, seier driftsleiar Sigvard Madsen i ferjeselskapet.

Heldigvis fekk føraren orden på teknikken att, slik at vogntoget kunne halda fram turen etter ei ekstra fjordkryssing.