Her slepp du ikkje over om du har sommardekk - fleire fjellovergangar er stengte

16.MAI: Slik såg det ut på Hestvollen på Vikafjellet laurdag morgon klokka 08.55. Her slepp du ikkje over med sommardekk.

16.MAI: Slik såg det ut på Hestvollen på Vikafjellet laurdag morgon klokka 08.55. Her slepp du ikkje over med sommardekk. Foto:

Sjølv om me skriv 16.mai så bør du ikkje legge ut på tur over fjellovergangane om du ikkje er rett skodd.

DEL

Slik er stoda på laurdag morgon:

E16 Filefjell

Snø- og isdekke. Klokka 05:45 var det -3 grader, liten kuling og snø.

Rv. 7 Hardangervidda

Stengt på grunn av uvêr.

Gjeld kl. 23:19 og inntil videre

Rv. 13 Vikafjellet

Snø- og isdekke.Store kjøretøy bør bruka kjetting. Klokka 05:30 var det -3 grader, liten kuling og lette snøbyger.

Stengt for biler med sommerdekk

Gjeld fra: 16.05.2020 kl. 05:36 og inntil vidare.

Rv. 52 Hemsedalsfjellet

Snø- og isdekke. Klokka 05:50 var det -5 grader, frisk bris og lette snøbyger.

Fv. 13 Gaularfjell

Stengt på grunn av uvêr.

Ny vurdering måndag 18. mai kl. 09:00.

Fv. 50 Hol - Aurland

Stengt på grunn av uvêr. Blir ikkje opna i dag.

Fv. 53 Tyin - Årdal

Snø- og isdekke, delvis redusert sikt. Kan bli stengt på kort varsel.

Klokka 05:45 var det -6 grader, liten kuling og snø.

Fv. 55 Sognefjellet

Stengt på grunn av uvêr.

Ny vurdering måndag kl 09.00.

Hald deg oppdatert på vegvesen.no

Artikkeltags