Her opnar vegen til helga

MYKJE SNØ: Høge brøytekantar på Gaularfjellet.

MYKJE SNØ: Høge brøytekantar på Gaularfjellet. Foto:

Fylkesvegane over Sognefjellet og Gaularfjellet vert opna denne helga.

DEL

Det opplyser Vestland fylke i ei pressmelding.

Dei to fjellovergangane som har vore vinterstengde, vert opna i løpet av dei neste to dagane. Vegen over Sognefjellet vert nattestengd den første tida.

– Vegen fram til fylkesgrensa frå vestsida av Sognefjellet skulle uansett opnast innan 2. mai klokka 08.00, men mykje snø og skredfare ved Bøvertunsvatnet, gjorde at det lenge var usikkert om vegen frå fylkesgrensa og austover ville kunne opna til same tidspunkt, seier Rune Sverre Sande, leiar for drift område nord i Vestland fylkeskommune.

Dei siste meldingane frå kollegaene i Innlandet fylkeskommune er at snøfresinga no er i rute, og at skredfaren vert vurdert til å vera såpass liten av vegen kan opnast laurdag morgon. Men, i ei tid framover vil vegen over Sognefjellet vere stengd mellom klokka 20.00 på kvelden og 08.00 på morgonen.

På Gaularfjellet kan det framleis bli stengingar utover våren på grunn av skred eller fare for skred.

Det er mykje snø i fjellet, og sol og varme kan utløysa solskred frå fjellsidene. Noko som også er ei utfordring på alle fjellovergangane er dei høge brøytekantane, som kan smelta og kollapsa, melder fylkeskommunen.

Artikkeltags