Gå til sidens hovedinnhold

Her må elevane halda seg heime

Vestland fylkeskommune set alle vidaregåande skular på raudt nivå frå måndag morgon.

– Det tyder at alle elevar i Vestland skal ha heimeskule måndag 4. januar, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding. Elevane vil få beskjed frå skulen når dei skal møta opp på skulen fysisk, heiter det vidare.

– Me stenger ingen vidaregåande skular, men raudt nivå inneber at me må ha større avstand enn på gult nivå, seier fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal.

– Nokre skular treng litt tid for å planleggja for dette, slik at elevane vil få beskjed frå skulen når dei skal møta fysisk. Dei vil også få ein plan for den vidare undervisninga den neste to vekene.

Tilsette ved fylkesadministrasjonen på Sandsli, Førde og Leikanger skal ha heimekontor frå og med i dag og i to veker framover.

Fylkesadministrasjonsbygga blir stengde for besøkjande i denne perioden.

Kommentarer til denne saken