Gå til sidens hovedinnhold

Her må du bu deg på litt venting

Kan bli stengd i 30 minutt.

Statens vegvesen melder at Rv. 5 Fjærlandstunnelen, på strekningen Jølster – Sogndal, kan bli stengd i periodar på inntil 30 minutt på grunn av vedlikehaldsarbeid.

Dette gjeld frå onsdag morgon til fredag frå 07.00 til 20.00. Utrykkingskøyretøy kan passera.

Det blir også jobba i Bermålstunnelen og Holsbrutunnelen, på strekninga Fodnes – Tyinkrysset på FV. 53.

Desse tunnelane kan bli stengt i periodar på inntil 20 minutt i periodane, onsdag og torsdag frå 20:00 til 06:00 (natt til fredag). Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk kan passere. Det blir arbeidd i ein tunnel om gangen.

Elles føregår ein del arbeid på vegane i Sogn frå før. Her kan du sjekka status.

Kommentarer til denne saken