Dei som skal køyra fv. 5641 framover må bu seg på inntil to timar ventetid.

Arbeidet tek til måndag 23. august, og vil halde fram i vel to veker, til 7. september, opplyser Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Vedlikehald av rekkverk

– Betongrekkverket langs denne fylkesvegen treng vedlikehald. Nokre stader vil det vera passering, på andre delar av strekninga er vegen så smal at det ikkje let seg gjera. Det er difor vanskeleg å planlegga når det vil vera behov for å stenga vegen, og kor lenge, seier byggeleiar Kjell Sverre Bergum i Vestland fylkeskommune.

Bussar i rute og mjølkebil får passera, det gjer også utrykkingskøyretøy.

Hald deg oppdatert på ferske vegmeldingar frå Statens vegvesen